Me søkjer erfarne utviklarar i Bergen
Bergen, NO, 5014
Job ID: 2831
Er du oppteken av teknologi og likar å finna ein god veg framover i eit teknologilandskap i endring? Brenn du for å levera gode løysingar i lag med andre? Tykkjer du det er spanande å ta eigarskap til koden din når kundane tar den i bruk?
Då kan du vera den me i Nordea Liv ser etter. Me satsar på utviklingsmiljøet vårt og søkjer no fleire dyktige menneske som vil vera med på å byggja vår framtidige forretningsplattform her i Bergen.
Om denne moglegheita
Me på teknologi følar oss midt i smørøyet på Nordea sin nye strategi fram mot 2030. Det skal satsast på Noreg (check), det skal satsast på liv og pensjon (check) og det skal satsast på å gjera tenestane våre fullintegrerte i banken sine flater (check). Med auka trafikk og auke eksponering vil me og auka fokuset på å bygga robuste system som leverer det kunden vil ha. Her vil du gå inn som ein senior med utstrakt ansvar og moglegheit for å hjelpa oss å finna ein god veg framover.
Teknologistrategien vår baserer seg i stor grad på «API First», og dette er førande når me byggjer nye løysingar eller endrar på dei eldre. Utviklingsspråka våre er hovudsakleg Java og Kotlin, med nokre front end-ar skreve i Java-rammeverk, Angular eller HTMX. Hovudvekta av back end-løysingar er REST API, men me har nokre basert på Kafka.
Hjå oss vil du gå inn i eit av våre kryssfunksjonelle utviklingsteam som i hovudsak jobbar etter Scrum. Me har ein hybrid arbeidsplass med hovudvekt på å møtast på kontoret. Selskapet vårt er delt mellom Bergen og Oslo, og teknologiavdelinga sit i hovudsak i Bergen. For at arbeidet skal flyta best mogleg ynskjer me at du bur i, eller ser for deg å flytta til, Bergen – vestlandet sin vakre hovudstad mellom dei sju fjell.
Kven er du?
Me søkjer å ha finansnæringa sine mest nøgde kundar og medarbeidarar. Me ser etter kollegaar som kjenner seg igjen i, og vert inspirert av, våre verdiar: mot, lidenskap, eigarskap og samarbeid. Dette er verdiar som rettleiar oss mot korleis me er på vårt beste, og er verdiar me ser for oss at du delar med oss.
Om du er den rette kandidaten trur me følgande kan beskriva deg:
- Nysgjerrig teknolog som er oppteken av å levera verdi til kundar
- Engasjert kollega som tør utfordra etablerte sanningar og rutinar
- God på kommunikasjon, som både kan setja retning og samarbeida godt på alle nivå
Ynskja kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning innan IT
- Erfaring med API-utvikling og -bruk, herunder robusthet (resiliency)
- Erfaring med smidige utviklingsmetodar
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk/skandinavisk og engelsk
Om du tykkjer det er spanande å skrota noko gamalt og bygga noko nytt – ta gjerne kontakt så kan me fortelja endå meir om denne reisa!
Neste steg
Send inn din søknad så fort som råd, men seinast innan 30/03/2026. For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Leiar for utvikling Njål Nordmark (njal.nordmark@nordea.com).
I Nordea veit me at ein inkluderande arbeidsplass er ein berekraftig arbeidsplass. Me trur på at ulik bakgrunn, erfaring, eigenskapar og karaktertrekk bidreg til at me betre tar oss av våre kundar og samfunnet vårt. Så ver deg sjølv!