Senior IT Developer
Bergen, NO, 5014
Job ID: 5805
Me søkjer KI-utviklar
Har du kompetanse og erfaring med agentisk utvikling? Er du oppteken av teknologi og likar å finna ein god veg framover i eit teknologilandskap i endring? Brenn du for å levera gode løysingar i lag med andre?
Då kan du vera den me i Nordea Liv ser etter. Me satsar på utviklingsmiljøet vårt og søkjer no ein dyktig utviklar som kan vera med på å danna gode rammer rundt agentisk utvikling.
Om denne moglegheita
Me på teknologi følar oss midt i smørøyet på Nordea sin nye strategi fram mot 2030. Det skal satsast på Noreg (check), det skal satsast på liv og pensjon (check) og det skal satsast på å gjera tenestane våre fullintegrerte i banken sine flater (check). Samstundes er utviklingsfeltet i stor endring som følge av inntoget av agentiske utviklingsverktøy. Me trur dette vil endra måten me skal jobba med utvikling på, og ynskjer at du skal vera med å driva fram desse endringane i våre utviklingsteam.
Teknologistrategien vår baserer seg i stor grad på «API First», og dette er førande når me byggjer nye løysingar eller endrar på dei eldre. Utviklingsspråka våre er hovudsakleg Java og Kotlin. Våre front end-løysingar er skreve i Java-rammeverk, Angular eller HTMX og back end-løysingane våre er stort sett REST API eller Kafka-basert. I dag er det GitHub Copilot (CLI) som er det mest brukte KI-støtteverktøyet, men me er i prosess med å prøva ut Cursor og Claude.
Hjå oss vil du gå inn i eit av våre kryssfunksjonelle utviklingsteam som i hovudsak jobbar etter Scrum. I starten vil du ha eit ekstra ansvar for korleis me etablerer kontekst for agentar på tvers av team og system (context engineering). Du vil òg vera ein drivar for å få folk til å ta i bruke nye måtar å jobba på og etablera gode måtar å måla effekten av endringar i arbeidsprosessen på.
Me har ein hybrid arbeidsplass med hovudvekt på å møtast på kontoret. Selskapet vårt er delt mellom Bergen og Oslo, og teknologiavdelinga sit i hovudsak i Bergen. For at arbeidet skal flyta best mogleg ynskjer me at du bur i, eller ser for deg å flytta til, Bergen – vestlandet sin vakre hovudstad mellom dei sju fjell.
Kven er du
Me søkjer å ha finansnæringa sine mest nøgde kundar og medarbeidarar. Me ser etter kollegaar som kjenner seg igjen i, og vert inspirert av, våre verdiar: mot, lidenskap, eigarskap og samarbeid. Dette er verdiar som rettleiar oss mot korleis me er på vårt beste, og er verdiar me ser for oss at du delar med oss.
Om du er den rette kandidaten trur me følgande kan beskriva deg:
- Nysgjerrig teknolog som er oppteken av å levera verdi til kundar
- Engasjert kollega som tør utfordra etablerte sanningar og rutinar
- God på kommunikasjon, som både kan setja retning og samarbeida godt på alle nivå
Ynskja kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan IT
- Erfaring med agentiske utviklingsverktøy og effektiv styring av agentar på tvers av team og system
- Erfaring med smidige utviklingsmetodar
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk/skandinavisk og engelsk
I Nordea veit me at ein inkluderande arbeidsplass er ein berekraftig arbeidsplass. Me trur på at ulik bakgrunn, erfaring, eigenskapar og karaktertrekk bidreg til at me betre tar oss av våre kundar og samfunnet vårt. Så ver deg sjølv!
Om arbeidsgjevaren
Hjå oss i Nordea Liv er du med på å støtta enkeltpersonar og bedrifter med å realisera deira ambisjonar knytt til langsiktig sparing og livsforsikring. Me hjelper enkeltpersonar når dei står ovanfor livsendrande situasjonar og sikrar at bedrifter dekkar deira behov for pensjonane til dei tilsette.
Nordea Liv er det tredje største selskapet i det private livs- og pensjonsforsikringsmarknaden i Noreg. Selskapet tilbyr tenestepensjon, livsforsikring og spareprodukt og forvaltar 300 milliardar kroner for omlag 29.000 bedriftar og 700.000 privatpersonar. I lag utgjer me ein stor forskjell for mange.
Me byggjer grunnlaget for dei finansielle løysingane for framtida. Me designar vår framtidige verksemd og moderniserar applikasjonslandskapet vårt for å levera gode, digitale kundeopplevingar til alle våre kundar. Me tykkjer dette er svært spanande, og håpar at akkurat du òg vil gjera det same.
Les meir om oss på https://nordealiv.no/
Om du tykkjer det er spanande å skrota noko gamalt og bygga noko nytt – ta gjerne kontakt så kan me fortelja endå meir om denne reisa!
Neste steg
Send inn din søknad så fort som råd, men seinast innan 15/08/2026. For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Njål Nordmark (njal.nordmark@nordea.com).
Vi muliggjør drømmer og ambisjoner for et større gode.
Vi bygger relasjoner. Vi setter et personlig preg på alt vi gjør – enten det er i møte med kunder, i samarbeid meg kolleger eller møte med potensielle kandidater.
Vi lærer og utvikler oss. Vi er stolte av vår ekspertise og fremtidsrettede tankesett. Vi bruker vår kompetanse til å møte kundenes behov, fra de enkleste til de mest komplekse. Vi fremmer en kultur med vekst og innovasjon som gir oss mulighet til fokusere på et bredere perspektiv i våre daglige utfordringer.
Vi leder endring. Vi tar ansvar og er klar over hvordan våre beslutninger påvirker både kunder og samfunn, lokalt og globalt. Med tanke på vårt ansvar overfor nåværende og fremtidige generasjoner, har vi gjort bærekraft til en integrert del av vår forretningsstrategi.
Vi er Nordea. Med over 200 års erfaring med å støtte og utvikle de nordiske økonomiene, er våre verdier dypt forankret i disse åpne, progressive og samarbeidsorienterte samfunnene. Som en av de største arbeidsgiverne i Norden, Polen og Estland, tilbyr vi gode muligheter til å utvikle deg og møte fremtiden med oss.